Tips til nyttårsforsett?

Fint turterreng ja – men det er i Hustrudalen. (Foto: Steinar Hystad)

Det  har gått ein  del år sidan Liv Kari Eskeland (H) var ordførar i Stord kommune. Eit av mange ærefulle oppdrag for den politiske leiaren var å  klyppa snor og erklæra  ei turløype på Litlabø for opna.

Dette skjedde etter politisk vedtak om «omdøyping» av Hustredalen til Hustrudalen. Det vart naturlegvis påpeikt alt då, at skiltet som inviterer til turgåing måtte fornyast i takt med nytt namn.  Førebels har ikkje det skjedd, og vårt tips til nyttårsfortsett  for rette instans,  blir  å byta e’en med ein u.

Verkar litt  rart at det på eine sida av inngangen til dalen  står Hustredalen på skiltet, medan turlaget sitt rutekart med info på andre sidan av vegen  fortel om  Hustrudalen.