– «En villet handling», eller?

Låg velta i hovudgata 1. januar. (Foto: Steinar Hystad)

I ei elles kjekt julepynta Borggata, låg denne store moldfylte blomekassen velta den første dagen i det nye året. Eit naturleg spørsmål blir: – Korleis kan det ha skjedd. Er velten utført med vilje og vitande («en villet handling», som dei styrande i hovudsstaden vår gjerne seier), eller er det meir naturlege årsaker?

Her må også solide krefter til for å få kassen igjen på rett kjøl.