«Møteplass for inspirasjon og improvisasjon», heiter det i programerklæringa for Stord Jazzklubb. Derfor er det også eit variert og spennande tilbod klubben byr på komande vår.
Start med Oddgeir Berg Trio allereie laurdag 14. januar. Siste helga i januar blir det invitert til Blues-fest. Knut Slevigen Duo/Tubesnakes fredag 27. To konsertar den 28., Atle Hansen og Bømlablues og Arne Skage & Procastinators.
Laurdag 11. februar blir det møte med Gjersvik/Hystad/Horvei og helga etter spelar kvintettten Into The Wild Hills. 25. mars byr «Under Stjernone» på poesikonsert med tekstar av Olav H. Hauge.
Christina Dahl Quartet frå Danmark gjestar jazzklubben fredag 15. april. Ei veke etter kjem Sheen Jazzorkester & Ståle Storløkken.
Alle konsertar blir haldne på Stord Hotell.