Ein turgåar som i romjula la ruta om Landåsvatnet fekk naturgleda snudd til irritasjon då han kom til staden der eit rasteplassbord plar stå og invitera til ei lita kvild.
Sterke nevar hadde hive bordet på vatnet. Lite fint gjort, og eit totalt unødvendig gjeremål. Fint om bordet kan returnerast til sin tilmålte plass.