Vatn er vatn – men smaken var ulik

Vått ja, men skilnad i smak – går det fram av testen i «Tysnes»

I motsetnaden til  aviser og blad som legg ut testresultat for vin og øl og den slags drykk, valte «Tysnes» å få testa vatnet frå dei fire lokale vasslaga i kommunen. Eit panel  på fire smaka seg gjennom åtte vass prøvar, ein kjøleskapskald  og ein romtemperert frå kvart av vasslaga.  Alle prøvar dagsferske.   

Panelet var samde om at det var ein skilnad i smaken og gav vatnet frå Lunde-bygda førsteplass. På sølvplassen vatnet frå Uggdal vasslag, på tredje vatnet frå Våge-bygda og på ein god fjerdeplass vatnet frå Onarheim vasslag.