På delegasjonsfullmakt svarte administrasjonen i kommunen nei til søknad om bruksendring av eit lokale på gateplan i Øvre Borggata. Bruksendringa galdt frå næring, til bustadføremål.
I avslaget vart det m.a. vist til saksuttale frå kulturmyndet, som uttrykte ønskje om å gjera Øvre Borggata til «ei koseleg intim handlegata».
– Det er rein ønskjetenking, utan bakgrunn i den verkelege situasjonen, skriv konsulenten som på vegner av klient no klagar på avslaget.
Der administrasjonen er oppteken av det som er nedfelt i kommuneplanar for sentrum, mellom anna at det skal vera forretningslokale på gateplan, viser klagen til realitetane i nabolaget.
Fleire eldre bygg i gata er, med kommunal godkjenning, blitt reine bustadhus utan næringslokale. I det no omsøkte bygget er storparten av gateplanet brukt til næring, berre ein liten del er tenkt som bustad. Av likebehandlingsomsyn bør difor søknaden om bruksendring bli gokjent, går det fram av klagen.