I «Tarzan-løypa» i det flotte nærmiljøanlegget ved Nordbygdo Ungdomsskule er det lagt opp til at ein kan slengja seg frå dekk til dekk. Med ei biletsending til stordront.no frå ein som la turen gjennom sportsparken ved skulen andre juledag, følgjer spørsmålet om noko har misstydd dette med å slengja.
– På bakken nedfor gropa talde eg seks dekk, vidare låg det dekk inn mot skogen så her har ein kvan tydeleg vis slengt dekk vekk, i staden for å slengja seg sjølve frå dekk til dekk. Vonleg finst det eit «tilsyn» som kan organisera ryddesjauen, seier turgåaren.