Nokså ulagleg

Markørane står nokså ulagleg til, midt i trafikken. (Foto: Steinar Hystad)

I den «nye» Øvre Borggata er det lagt opp til eit trafikkmønster med gåande og bilande på same høgdenivå. Eit slags sambruk av veg og fortau, med  avlange skiferheller som eit forsiktig  skilje. 

Utfor «Ørneshuset» er det blitt eit sig i nett desse hellene. Ikkje urovekkande djupt, men nok til at vegstyringa har funne det nødvendig å setja opp varselmarkørar.  Ferdselsåra er smal på staden og skilt sett opp midt i trafikken, gjer at det har festa seg eit sterkt gåveønskje om reparasjon før klokkane ringjer julehøgtida inn.