Framleis godt høve til å sikra seg  bygdebøker

Framleis att av dei to triologiane bygdebøker for Stord kommune. (Foto: Steinar Hystad)

I Fitjar har det vore så stor etterspurnad etter bygdebøker, og då særleg  gards- og ættesoga, at kommunestyret vedtok å få trykt opp nye opplag.  Dette gjeld band I og II og det vart annonsert lovnad om at bøkene skulle vera på Rådhuset  kring 20. desember.  

I kjølvatnet av denne meldinga, har stordront.no spurt seg føre på kulturkontoret, om korleis det ligg an med bygdebøkene for Stord kommune.  Desse er trykte i to sett a tre band i kvar.  

Den første triologien  kom ut i 1972, og var skrivne av Ola Høyland, tidlegare ordførar i Stord.  Eitt band med gards og ættesoge, og to band med grundig informasjon om  Stord i gamal og ny tid.  Jaktar du mykje godt gløymde ord frå stor’amålet er det desse bøkene du lesa. Trass 50 år sidan utgjevinga, er det godt høve til å kjøpa seg ei samling frå  informasjonen i Kulturhuset.

– Dei har me ein god del igjen av, opplyser kulturetaten, på spørsmål om salstal for nyaste  bygdebøkene.

Triologien har fellestittel  «Stord – frå steinalder til oljealder».  Band I, skriven av Bård Gram Økland og Magne Njåstad, tek føre seg den eldste tida fram til 1720.  Band II, skriven av Nils Olav Østrem, tek føre seg tida frå  1720 til 1900. Band III, skriven av Yngve Skjæveland, tek føre  tida frå 1900 til 2006.

Ei ny gards og ættesoge for Stord har vore på trappene ein del år, men har så langt ikkje kome i budsjettprioritet.