– No har me nett nådd målet på 100.000,- kroner i ny aksjekapital til butikken vår. Takk til alle som har teikna aksjar i år! Me har fått ein flott butikk med moderne drivstoffanlegg, ny flytekai og til slutt pergola over inngangen. Den har øya glede av. Då me opna julegata i år, sette me på lys og varme i pergolaen, og folk sat minst ein time og kosa seg med varm gløgg og prat. Det er kjekt at dette fungerer så godt.
Dette står å lesa i julehelsinga frå styret i den folkeeigde Huglabutikken AS. Her blir det slått fast at butikken klarar seg rimeleg bra framleis, men høge straumprisar er krevjande.
– Me har hatt store straumutgifter i år, om lag 160.000 kroner ut november, mot 69.000 kroner for heile 2021. Me har nett fått 17.000 i straumstøtte for september til og med november. Det hjelper sjølvsagt litt, men det er handelen å lita på, fastslår styret og sender ønskjer om ei god julehelg til trufaste kundar.