Tuning Expedition i jazzklubben

Tuning Expedition spelar på Stord Hotell laurdag kveld. (Foto: Tuning Expedition)

– Fem røynde musikarar frå Stord og Bergen med vokalist Gisle Alsaker i front. Bandet dyrkar groovy fusion-musikk får 70- og 80-talet, og har gjort det til ein spesialitet å tolka låtane til legendariske Al Jarreau.

Dette skriv Stord Jazzklubb om  bandet som  entrar podiet på Stord Hotell  laurdag kveld.

I Tuning Expedition er desse med: Gisle Alsaker – vokal, Erik Halvorsen – tangentar, Ole Jacob Hystad – sax, Halvor Folgerø – bass  og Tarald Tvedten – trommer