Øvre del av Borggata var ikkje heilt trygg å ferdast i for tofotarane onsdag. Så vel mjuke som meir harde trafikkantar hadde berre gateløpet til disposisjon. På fortauet låg det djup snø og var lite eigna til gangtrafikk.
– Kommunen, svarar Øyvind Lothe, brøyteansvarleg innan tekniske tenester på spørsmålet om kven som er ansvarleg for å setja varmekablane nedi fortauet i arbeid.
– Har kommunen nokon spesiell stad å «lagra» snø, dersom vekk-køyring blir løysinga i sentrumsnære strok?
– Planar for slik transport har me ikkje nett no, men vil sjå det an framover. Til helga er det lova mildvêr igjen. Skulle det bli påkravd å fjerna snø frå Leirvik, har me eit areal på Valvatna for slikt, seier Lothe til stordront.no