–  Kva skjer når snøen dekkjer skiltet?

«Brikkeavlesinga» skjedde denne gongen på bildekket. (Foto: Steinar Hystad)

I tett snødrev på veg til ferjeavgang  i Sandvikvåg, augnar me at motkomande køyrety har fått kvitt belegg over registreringnummeret. 

– Då er det vel likt på eigen bil, og tanken som slår oss er: – Me har jo brikke og kva skjer dersom lesaren på toppen av ventefilene ikkje klarar lesa bokstavar og tal?

Det klarte då heller ikkje lesaren i snøtjukna denne gongen, men det ordna seg med betalinga då me kom litt ut på  Selbjørnsfjorden. Gjennom det elektroniske billetteringssystemet fekk mannskapet melding om at det om bord på ferja var fleire bilar som ikkje var blitt avlest ved passering billettbua på land. Nettopp på grunn av klistresnøen på skiltet.  Difor måtte mannskapet  ta seg ein ekstrarunde på  bildekket for å fjerna snø og fotografera registreringsnummer på nytt.  

– Ikkje ofte dette skjer, berre når veret er på sitt verste, som  i dag, sa mannskapet.