Når stordront.no nemner for hobbyornitolog Tor Helge Heggland at hakkespett vart observert mellom bustadhus på Skotaberg, har han straks forklaringa klar:
– Det er invasjon av flaggspetter til Vestland fylke i år. Dette er noko som skjer med åtte til ti års mellomrom. Me har ei mindre stamme av hekkande flaggspetter i eigne skogar, men dei store flokkar har tilhald i Russland eller Finland. Vintrar det er lite mat å finna der borte, fyk hakkespettene vestover for å eta. På matestasjonen i eigen hage, har det siste tida vore jamt besøk av flaggspetter, seier Heggland.
– Kva føde kan hakkespetta finna i ein gamal «telefonpåle»?
– Kanskje ikkje så mykje godt i slikt treverk, då er ei furu av eldre årgang meir matnyttig. Spesialiteten er å hakka grop djup nok til å setja inn ei kongle, som flaggspetta så gå laus på med kraftig nakke og nebb og et seg opp på frøa.