Spurde om båtbuing – og fekk svar

Jo, det er reglar å følgja om ein vil bu fast i båten. (Foto: Steinar Hystad)

– Dersom me legg til grunn at fartøy registrert av Sjøfartsdirektoratet som Fritidsfartøy kan brukast til å bu i – og ein i tillegg krev godkjenning frå kaieigar, tilgang på straum og at ein unngår utslepp til sjø – kva meir må til for at kommunen då aksepterer (eller tolererer) at folk bur fast i fritidsfartyet sitt?

Dette spørsmålet reiste representanten Robert Svanberg  (FrP) i utvalsmøtet  for plan og utvikling torsdag.

I eit lengre svar frå kommuneadministrasjonen, heiter det avsluttingsvis:

«Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i Rundskriv H-09/05 Båt på land og hus på vann trekt opp visse retningslinjer for korleis bygningsmynde skal trekke grensa mellom reine båtar og meir permanente innretningar.

Dette regelverket avgjer om saka må handsamast etter byggesaksdelen av plan- og bygningslova. Det har ingenting å seia om fartyet går frå kai, det er den totale varigheita av plasseringa som er avgjerande for om tiltaket er mellombels eller varig. At ein nyttar båten meir sporadisk har heller ikkje noko påverknad til om plasseringa er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, då både fritidsbruk og permanent opphald er omfatta.

Uansett vil det å bu i båt – sjølve bustadføremålet – måtte vere i samsvar med vedteken arealbruk slik det kjem til uttrykk i gjeldande kommuneplan eller reguleringsplan.

Me skal vurdere nærare areal som kan nyttast til plassering av husbåtar i samband med revisjon av kommuneplanen. Fram til ny plan ligg føre, har me høve til å vurdere å gi dispensasjon frå plan.

Det er også eit spørsmål om å nytte fritidsbåtar som ligg i småbåthamner til bustad. I utgangspunktet er heller ikkje dette i samsvar med gjeldande arealbruk då me ikkje har hatt praksis for å opne for bustad i føresegnene til småbåtanlegg. Me kan likevel beslutte at me ikkje vil føre tilsyn med denne type saker til ny kommuneplan er vedteke.»