Torsdag og fredag var det premiere for henholdsvis x- og y- gruppa i Spinae si oppsetting av «Isdronninga og beverfamilien». Eit musikkteater inspirert av «Narnia»-bøkene, skrive av Magdalena From Delis og musikk av Ian Kolstad. Medverkande er over 200 aktørar som alle deltok på ulike kurs hjå Spinae Company dette året som i oppsettinga er delt i to grupper, x og y, med kvar sine førestillingar.
Frå den eventyrlige plakaten, via den omgjorte magiske døra inn i storsalen i Kulturhuset og den kreative bruken av greiner langs trappegelender som verkeleg fekk oss til å tru at me var kome i skogen, til den magiske scenen som i to timer gav oss fantastisk magi.
«Isdronninga og beverfamilien» omhandlar vondskap og godheit, om å ta dei rette vala. Historia utspelar seg i den frosne krystallskogen til Beverfamilien, som saman med alle dei andre dyra lever under forbanninga som isdronninga Iselin har kasta over skogen. Dyra prøver å halda varmen under jorda, slik at dei kanskje ein dag får sjansen til å sjå våren igjen, står det i programmet.
Alle aktørar med små og store roller, dansar, rørsler, song, replikkar, fakter og samspel var levering til toppkarakter. Gå vidare til fantastisk sminke og flotte kostymer som gjorde at det var vanskeleg å kjenne igjen kven som eigentleg var bak rolla. Det var regi, scenografi, kulisser, lyseffekt og bruk, lydeffekt og bruk, og ikkje minst egenkomponert musikk – alt dette òg i øverste klasseutføring. Til dedikerte sjeler som dreg i gang, skriv og kreerer. Til dei som blir med og ordner alt bak; ei stor foreldregruppe som tar på seg og hjelper over alt, nesten.
Alt dette blir summa summarum magi! Tenk at me er så privilegerte som får oppleve dette her på øya!
Nytta høvet om det kan. Det er no i helga, laurdag og søndag. Kulturhuset er staden, gå inn den magiske døra!