Den som ønskjer seg ei hyggjestund i lag med Litle-lubbenissen, Vikjo-lubbenissen, Lure-lubbenissen, Fjellgards-lubbenissen og dei andre lubbnissane i Ungdomshallen; – Ja, den på raska på til billettluka.
Dei strikkeglade nissane på lubbefabrikken spelar to forstilling til helga (laurdag og søndag) og sjefslubbenisse Bjørn Arve Lunde kan melda om kjempegod interesse og få ledige stolar.
Dermed går det mot sju fulle hus og rekord i den ellevte sesongen. – Heilt utruleg kjekt, kommenterer Lunde – regissør og forfattar av stykket med mottoet «Ingen blir leie av å vera varm på føtene»