– Eldre og personar med bistandsbehov skal oppleva kunst og kultur på eit høgt profesjonelt nivå fleire gonger i året. Dette kan vera innan musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst, biletkunst/kunsthandverk og kulturhistorie.
Dette er den skrivne målsettinga for Stord kommune sitt tilbod under paraplyen «Den kulturelle spaserstokk» Målgruppa er alle eldre. Dei unge har sin eigen «kulturelle skulesekk»
Kulturhuset var fram til pandemien endra rytmen på så mange samfunnsfelt, arena for «spaserstokken» i Stord. Siste åra har arrangementet vore på flyttfot rundt til mindre lokale.
Onsdag kunne kommunen igjen ønskja vel møtt til Kulturhuset. Først til dekka kaffi- og kakebord i Vestibylen, deretter til konsert med dei profesjonelle Tre tenorane i Småsalen.
Vestland fylkeskommune støttar opp med pengar og det blir lagt opp til åtte «treff» i året, får stordront.no opplyst.