– E da vepsabol de har hengt opp?
Det kom nokre merknaden frå forbipasserande då mannskapet frå den kommunale grøne etat pynta det store juletreet på Rådhusplassen i Borggarden. Positive adle i hop, sjølv frå ho som lurte på om det pynten kunne vera eit julebol for biene.
– Det er det ikkje. Dei kvite kraftige «kulene» oppover grøne greiner kjem frå sauer som har sine beiteområde på Almås og Isdal, fortel Belinda Almås i etaten til stordront.no.
– Og sjølve treet, kvar har det vakse opp?
– På kommunal grunn i Knutsaåsen, 25 år i alder.