Frå gruvedrift til nyare tids historie

Langelandsbutikken prydar  framsida av 2022-årsskriftet til Stord Sogelag

I 2022-utgåva av Stord  sogelag sitt årsskift får lesarane møte med den tidsnære historia, men også med soger som ligg lenger tilbake i tid.  Såleis vil mange kjenna seg att når dei les om Tveita Landhandel. Andre vil nikka gjenkjennande til tida då Langelandsbutikken var på Vikjo og mellom anna fungerte som  venterom for bussane.

Utviklinga av sørvisnæringane på Leirvik får også ein velfortent omtale. I årets utgåve er òg teke inn del to av artikkelen om korleis det gjekk med stordabu Nils Bjelland då  panserskipet Norge vart bomba 9. april 1940.

Vidare bli historia om finsteinhoggaren  Hjalmar Taipale fortalt, om korleis han etter eit liv på stadig flyttefot til slutt slo seg ned i  Fitjarøyane og bygde hus på Tranøyo.  Det var Taipale som hogg steinen i murane på Fitjartun, omtalt i eige stykkje.  Kulturminne på Huglo av fått sitt kapittel, det same med Litlabø og gruvedrifta – og ikkje minst den store dynamittsmellen som skremde folk i 1898.  

Kva er samanhengen mellom heilkross-syklar og refleksjonar kring jarnutvinning i Stord?  Årsskriftet gjev svaret.  

På same vis blir lesarane  kjende med Gudrid Lønning, ein gåverik kunstnar som gjekk bort alt for tidleg. Årsskriftet fortel om hennar  liv og lagnad.