Tradisjonen tru var det lokale musikarar og songarar som sytte for den gode førjuls-stemninga på konsertane i Stord kyrkje søndag ettermiddag og kveld. Og – tradisjonen tru var det fullsett i benkeraden
To korps og to kor på første konserten: Langeland skulekorps under leiing av Håvard Kroka serverte «Det lyser i stille grender», «O litle town» og «Rockin’ around the christmas tree». Lovsongbrørne dirigert av Hans Gunnar Aadland følgde på med «Å kom nå med lovsang», «Syng, ja syng halleluja» og «Mitt hjerte alltid vanker».
Så koret Ichtus med dirigent Egil Petterteig med «Borna strekkjer seg på tå», «Mary did you know» og «Jul, jul strålende jul». Stord og Rommetveit skulekorps, dirigert av Håvard Kroka avslutta med «Let the bells ring»,»Himmel på jord» og «Jul i svingen»
Variert innehald også på kveldskonserten der Stord Musikklag «varma opp» publikum med dei kjæraste julesongane før kantor Wibe ønskte velkomen og musikklaget under sin faste dirigent siste åra Preston J. Kingsley baud på «Canterbury Chorale» og «Tenn lys».
Leirvik mannskor er dirigert av Ailin Sanden Nymark og hadde tre kjenningar på repertoaret: «Tenn er lite lys», «Et lys imot mørketida» og «Lang desembernatt».
Musikalsk leiar Torleiv Agdestein leia Songlaget Stordabuen gjennom: «Navnet Jesus blekner aldri», «Himmel på jord», «Circle of life» og «O helga natt» – den er fast. mMokkat vokalensemble under leiing av Maria Malmsten framførte så «Ave Maria Stella», «I et mørke som aldri ender», «Kling no, klokka» og «Gloria» frå messe i e-moll.
Stordkoret med dirigent Liv Kari Bru runda av med «Stille natt», «Mitt hjerte alltid vanker», «Himlen i min famn» og «Julesong/Christmas Lullaby».
På begge konsertar var det salmar som allsong – med evigvakre «Deilig er jorden» som avrunding før heimgonga.