Ein blir beint imponert over styrken i nakke og nebb, når ein liten hakkespett går laus på trauste trepålar.
Det lydde som kvasse morse-signal då denne utgåva av Hakke Hakkespett jakta føde i ein eldre telefon-(eller el-?) påle mellom bustadane øvst i Skotlio på Leirvik.
– Kan ikkje hugsa eg har sett hakkespett i arbeid i dette området tidlegare. Men ein interessant observasjon har det vore, kommenterte naboen til pålen.