Historisk låg arbeidsløyse

(Ill. foto: Steinar Hystad)


NAV registrerte 0,9 prosent heilt ledige i Sunnhordland gjennom november månad. Dette er det lågaste talet ledige registrert i inneverande millenium.

-Det er historiske sysselsettingstal me no er vitne til. Arbeidsløysa er låg, og etterspurnaden etter arbeidskraft held seg stabilt på eit relativt høgt nivå. Me held fram med bodskapen om at arbeidsgjevarane må nytte seg av arbeidskraftreserven, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland. 

Heve kompetansen – senke krava

NAV har som mål å hjelpe den som står utan arbeid og har behov for oppfølging med kompetansehevande tiltak som treff etterspurnaden i arbeidsmarknaden.

-Det er viktig at NAV hjelper dei som står utanfor arbeidslivet slik at kompetansen deira i større grad står i stil til den kompetansen arbeidsgjevarane ønskjer. Samstundes må arbeidsgjevarane vurdere krava på ein ny måte, seier Håvard Lægreid.

Den største etterspurnaden etter arbeidskraft finn me innan Helse-, pleie- og omsorgsyrker (121), men også innan Ingeniør- og IKT-faga (54) har det vore mange utlyste stillingar i november.

-På NAV-konferansen som gjekk av stabelen i førre veke var gapet mellom den tilgjengeleg og ønska kompetansen hovudtema og det kom fram ulike løysningsforslag. Eitt av dei var å sjå på krava arbeidsgjevarane stiller i sine utlysingar. Me ser mange kopierer det som har fungert i tidlegare tider. Tidene er no noko annleis, og då må ein gjerne sjå på utforminga på nytt også, seier Håvard Lægreid.

NAV sin arbeidsgjevarundersøking for 2022 kjem det fram at arbeidsgjevarane som mottek rekrutteringsbistand frå NAV er nøgde med tenesta – og fleire enn før svarar at det er aktuelt å tilsette nokon med hol i CV eller nedsett arbeidsevne.

-Me oppmodar arbeidsgjevarar som slit med å finne den ønska kompetansen til å ta kontakt med oss, seier Lægreid