Byggjenytt i Stord

Løyve gjeve til solcelleanlegg på Sunnhordlandskaien. (Foto: Steinar Hystad)

28. november vart sak nummer 500 i 2022 avgjort  hjå  eining for regulering, byggesak og oppmåling  i  Stord rådhus.  Søknaden galdt  ferdigattest for etablering av ballbinge i Øklandsmarka.

Her er nokre av dei andre godkjenningane  førre månad:

  • Løyve til tiltak, riva bustad og garasje og nybygg einebustad, Bjellandsvegen
  • Løyve til nybygg forstøttingsmur, Haugen
  • Løyve til igangsetting kantine og 10 bustadriggar, Eldøyane
  • Løyve til tiltak, einebustad, Lyhaugen
  • Løyve til tiltak, plassering av mellombels bustadbrakker, Meatjødnsvegen
  • Ferdigattest, einebustad med sokkelhusvære, Aslaksbrekko
  • Ferdigattest tilbygg på naust Dåfjordvegen
  • Mellombels bruksløyve, lagerbygg  Vabakkjen
  • Ferdigattest oppgradering av VA-nettet Rustungvegen – Tysevegen
  • Ferdigattest, fritidsbustad Bordavikvegen
  • Løyve til tiltak, reiskapshus, Huglo
  • Løyve til tiltak, solcelleanlegg Sunnhordlandskaien
  • Ferdigattest, Buneset