Brått stod ho der i mosegraskjolen

Flott naturkledd dette rotvelt-trollet ved Vadvegen (Foto: Steinar Hystad)

Innover Vadvegen har me gått mange gonger, anten Vatnadalen og Ravatnet eller Hauglandskverna har vore turmålet.  Det vil då seia at me har passert rota på eit vindfalltre i årevis, utan å merka at vegen ligg tett ved ei «trollkjerring» kledd i fargerikt naturstoff. 

Kva trolsk skaparverk som står der i grøftekanten, såg me først ein ganske alminneleg novemberdag med rett lyssetting og rett synsvinkel. 

Stopp litt på neste gong du skal inn Vadvegen.