Stålet langs vegane som oftast blir omtalt som autovern, heiter i Vegvesenet sine manualar «rekkverk». Dette får stordront.no opplyst hjå Johnny Pedersen, som har leia monteringa av mange meter rekkverk langs E39 på strekket Ådland – Førlandskrysset.
I tillegg til oppsetting og nymontering er ein del eldre vern med trepålar skifta til stål, samt at det er reinska i stikkveiter og sett ned nye kummar.
– Dette er sikringsarbeid me utførar mykje av og det har sin verknad. Statistikkane talar tydeleg om at meir rekkverk, gjev tryggare trafikk, seier Johnny Pedersen til stordront.no.
Arbeidet på Stord blir avslutta i dag, onsdag 30.