
Entreprenørselskapet Vassbakk og Stol AS er for tida i full sving med anleggsarbeid som skal sikra vassrenning frå samlingsdammen i Vaulane og ned til kraftstasjonen på Lundsseter.
– For å etterkoma tryggleikskrava blir det skote ein tunnel omlag i same traseen som for røyrgata som alt ligg i dalen nedover mot stasjonen. I tunnelen skal det leggjast nye røyr. Det blir ei dublering av kapasiteten, og skal vera «redningen» for den kommunale vassforsyninga dersom noko uventa skulle skje med dagens tilførsle, seier Arnstein Hetlesæter, fagansvarleg for vatn og avløp i Stord tekniske tenester.
Arbeidet er stipulert til 40 millionar kroner, og skal vera klart til komande sommar. Steinen som blir teken ut i samband med prosjektet, blir ei tid framover mellomlagra på parkeringsplassen ved Fjellstova.