Levåg-fortauet bli 900 meter lengre

bygging av fortau
Frå krysset ved Færøysund skal fortauet lengjast mot «Skotet» (Foto: Steinar Hystad)

Før helga vart  asfalten lagt på den nybygde gang- og sykkelvegen ved E39 frå toppen ved Sandvikvåg via Levåg til krysset ved Færøysund.  Samstundes kjem melding om at dette trafikktryggingsarbeidet skal halda fram 900 meter til busetnaden på «Skotet, som lokalkjende seier.  Trehogsten langs traseen er alt kome i gang.

– Me har midlane og me har no fått godkjend løyve, opplyser  byggjeleiar  i vegvesenet,  Knut Stian Rimmereid. 

På same vis som for fortauet som alt er ferdig, er også det komande strekket eit samarbeidsprosjekt mellom Fitjar kraftlag og vegstellet. Under asfalten ligg trekkerøyr for nye el-kablar, og slik blir det også mot «Skotet».  

Frå høgare hald i Vegvesenet er det kome skryt til det lokale tiltaket, som viser kva godt resultat det kan bli for ålmenta når samfunnskrefter jobbar saman.

– Kva tid blir det  fortau heilt fram til Engevik?

– Me har planar og ønskje, men må sjå det noko meir an. Det er snakk om ein strekning på 600 meter, men der er det høgt kant på «sjøsida» så det kan koma krav om utviding av vegen på «innsida» for å få til eit fortau, seier Rimmereid  til stordront.no.

Asfalten er lagt på det nye fortauet langs E39 i Levåg (Foto: Statens vegvesen)