Storskata i teina

Det blei skata i staden for krabbe opp frå  djupet  denne gongen
(Foto: Privat)

Dei hadde tungtvegande grunnar til å stirra ekstra mot sjøloket, dei som for litt sidan drog opp teina ein stad mellom dei ytre Fitjar-øyane. Krabbar var ønskjet, men det som var i denne teina var så mykje tyngre å hala opp. 

Heilt naturleg, skulle det visa seg, for i teina låg ei stor skata. Flatfisken fylte heile fangstreiskapen.   

Skata vart teken til land og «gjort opp» på beste måte og enda som eit festmåltid som stadfeste at  skatevenger er delikatesse på høgste gourmetplan.