Mørk mottaking til hamnebyen

Storddøra i mørke
Lite å så av den høgreiste Storddøra når dagsljoset har slokna. (Foto: Steinar Hystad)

Lyssetting av stolte Storddøra i Onarheimsparken på Moloen, var tema på sist styremøte i den kommunale kunstordninga. Lenge har døra vore ei heise mørk velkomshelsing til sjøfarande på tur inn til Leirvik når dagslyset sloknar. 

Til styret i Kunstordninga  har det kome oppmoding om å få gjort noko med den mørklagde installasjonen. 

Til styremøtet hadde ein fått inn tilbod på lyssetting av Storddøra, men valte å utsetja saka i påvente av fleire detaljar å stø seg til kring type lys som skal veljast. Midlar til arbeidet kan finnast på  fond avsett til  kunst i det offentlege rom.

Biletet