Nokre få år attende var det svinte gjort å fylla ein sekk og fem med søppel som hadde reke i land langs stranda kring Leiro på Huglo. Det er ikkje slik denne hausten.
– Ein kvit fender og ein bøye av eldre årgang, pluss ein tom boks for sommarøl, det var «fangsten» etter ein tur i flomålet, tipsar ein kjennar av området.
Han vonar og trur at dette er eit resultat av fokuset som har vore retta mot ureining av vår nære lyst.
– Rett og slett gledeleg, fastslår huglaren.